
Kva er ein bloddrope-trall? Når det raslar i blodet, liksom, og ein er så vår-yr at ein kan høyre det? Eg er ikkje sikker, for sjølv som nordtrønder, akkurat som Kristofer Uppdal, har eg ikkje dette ordet i vokabularet mitt. Men eg har ei kjensle av av denne trallen lever sitt eige liv, får ting til å skje. Eg synst diktet til Uppdal (som eg har limt inn her på bloggen, sjølv om det også finst på nb.no) passar godt til kreativ oppgåve på vårparten, når ein er litt lei av å sitte inne, ein har kanskje akkurat kome til modernismen med vg3-klassen og ein treng å dytte litt trøndersk fritenking inn i norsktimen.
Vi byrja med å sjå på Munch-måleriet frå Åsgårdstrand – slike bilete finst det ganske mange av. Det er nesten abstrakt, men med litt godvilje kan ein sjå at nokon, helst mannfolka, har kledd av seg og skal hoppe i vatnet. Slik manndoms-aktig overmot og kåtskap er det absolutt hos Uppdal også.
Slik vart oppgåva til diktet “Bloddropetrall” frå samlinga Elskhug (1919):
- Les teksten. Marker for eksempel: mjukt og hardt / gjentakingar og skift i teksten / rytmer / blikk framover eller bakover /små bilete vs store bilete.
- Finn døme på romantiske og vitalistiske/modernistiske trekk i teksten (hugs å tenke både form og innhald!). Les gjerne om vitalisme i kunsten her – og finn parallellar mellom Munch-måleria og Uppdal sitt dikt! Naken vitalisme – Kunstkritikk
- Lag ein kort koreografi, gjerne berre med hender, stilisert, eller ta f.eks. fem portrettbilete som kan illustrere diktet
- Vis fram og forklar koreografien eller bileta. Hugs å bruke teksten i forklaringa di. Kva meiner de at ein bloddrope-trall kan vere, forresten?


Leave a comment